Ok. Så har eg fatta mot. Og ork. Damp må ut. Temaet er norsk skule, undervisning, barneoppseding, kulturelle trendar; kvar skal eg starte? Kanskje med det faktum at eg har undervist i 35 år. Fyrst som så kalla ufaglært. Det gjaldt for oss, gjerne disiplinfagleg superkompetente, men utan lærarprøva.
I åtte år jobba eg som vikar og ufaglært inntil eg vart ferdig med PPU (praktisk-pedagogisk utdanning) etter eit solid hovudfag i historie ved NTNU/Universidade de Letras i Lisboa. Fyrst då fekk eg fast jobb i Ulstein kommune. Etter eit par og tjue år slutta eg i grunnskulen og har jobba dei siste 12 åra ved Høgskulen i Volda. Her vart det fast jobb etter ti år som vikar. Smak på det; 18 år som mellombels tilsett. Det er lang tid. Lang tid utan føreseieleg inntekt og høve til langsiktig planlegging av familiens økonomi. Lenge leve Høgre-sidas lange kamp for retten til å vere midlertidig tilsett. Eg er loaded med vekttal, no studiepoeng, utan at nokon syntest at det var bryet verd. Kvinne er eg også. Kvinneleg kald krig historikar, med ei snart avslutta doktoravhandling i eksporthistorie frå 1800-åra. Att på til. Kva skal det norske samfunn med kvinner som bryr seg med slikt? Ein annan gong skal eg kanskje seie noko om livet som kvinneleg akademikar på den norske landsbygda – om undervurdert hjernekraft og dårleg forvaltning av menneskelege ressursar. Ein annan gong. No arbeidar eg omsider på mine eigne premissar ved lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. Saman med andre utdannar eg lærarar som skal undervise i samfunnsfag. Denne jobben gir meg eit unikt innkik i samfunnet slik barn og unge menneske speglar samfunnets ideologi, verdiar, normer, haldningar. Mine unge studentar har internalisert arbeidsmåtar og tenking som dei er eksponert for etter lang trening i den norske skulen. Dei reflekterer ideologisk tenking innbakt i politisk vilje som er kanalisert inn i læreplanar, bearbeidd og vidareformidla av lærarar som er i ferd med å bli ei forlenging av statens lange faderarm. NPM og nyliberalismen har skulen som eit sjølvsagt nedslagsfelt, den heilt sentrale produksjonseininga i eitkvart produktivt samfunn med syn for framtida. Det heiter langsiktige investeringar. Den gode skulen. Den gode læraren. Den tilpassa eleven. Gjennomstrøyming. Produktivitet. Effektivitet. Robust. Kvalitet. Prosjekt med slike ambisjonar krev kontroll. Massiv. Ei enkel sak i ein velferdsstat som har domestisert oppsedinga av samfunnets barn – ikkje lenger frå vogge til grav, men frå morgon til sein ettermiddag. I kva grad kan det seiast at samfunnet har lukkast med prosjektet? Korleis står det til med norsk barneoppseding i statleg regi?
Sjokkerande dårleg kan vere ein freistande karakteristikk. Aldri før blir så mange unge psykisk sjuke, og aldri før har vi så mange barn som fell utanfor normalen. Kva no enn det er? Kven fann på «normal»? Evolusjonen er for langsam til at vi kan skulde på genetikk – born fødde i år er ikkje annleis enn born fødde på femti-talet, men konteksten er endra. Og med den endrar menneske syn på mangt. Også barneoppseding.
Eg starta å undervise på -80-talet. Nokre av ungane hadde gått i barnehage andre ikkje. Som skuleborn hadde dei det til felles at dei gjekk heim kl 14:00, nokre hadde vidare tilsyn andre hadde ikkje. I mellom-romet frå kl 14:00 – 16:00 var born heime-og-åleine. Vanskeleg situasjon for mange. Det skal eg ikkje underslå. Men borna fekk ei pause frå vaksenstyring; sjølvstendigheitstrening for nokre, angsttrening for andre. Men ungane hadde reell fri tid. Det er det slutt på. Born er no underlagt statleg eller organisatorisk styring i 10-12 timar kvar dag. Det finst ikkje lenger ein «ground zero» der dei tilpassa ungane kan treffe dei mindre tilpassa på nøytral grunn – utan overstyring. Det har skapt eit oppdragarvakuum. Læring som følgje av barn som oppdrar kvarandre er undervurdert. Trur eg. Harde i klypa kunne barn stimulere og regulere kvarandre sin åtferd. Utsette andre barn for rett og urett og gi kvarandre ei mulegheit til å lære og å meistre. Barn fekk høve til å øve seg på å møte ei verd som også der framme i eit vakse liv er full av drittsekkar. I barns verd fekk barn øve på å ta att – og stå opp for seg sjølv, på eigne premissar. Learning by doing, learning by feeling. Ikkje alltid heldig. Men heller ikkje alltid uheldig. Barn nytta tida til å organisere sine eigne aktivitetar og styre leiken etter det gitte hierarki. Vaksne let borna vere i fred – kyra som sjølv hadde vore kalv kjende premissane og anerkjende verdien. Barnas «Christiania». I denne konteksten fekk barn utforske makt og avmakt, krig og fred.
Så kom -70-talet med psykologane og pedagogane som trengde inn i livsverda med eit spesialisert språk om kjensler og sjølvregulering. Oppdraging i religiøs regi miste proporsjonalt fotfestet og normer for rett og gale måtte kodast inn i nye omgrep og eit anna ideologisk rammeverk. Den nye kunnskapen etablerte andre autoritetar og nye biblar som no også er timeplanfesta. I staden for kristendomstimar der vi vende blikket mot forteljingar om menneskelege erfaringar utanfor oss sjølve, har vi i staden fått livsmeistringsfag der vi rettar blikket mot eige indre for å kunne etablere sjølvregulerande system. Det er ein kjempegod ide. Sett med nyliberale auge. Minst like god kontrollmekanisme for staten i dag som kyrkjas postulat om evig brann i skjærselden. Målet er det same; kontroll av massane som kan styrast i ei produktiv retning. Så får det heller vere at den nye kontekst gir disiplineringa nye ansikt. Diagnosar og medikalisering gir meining til unge som gjennom dei nye bibeltekstane kjem i kontakt med nye omgrep som gir tilgang til ei ny røynd. Den innovervende røynda. Slik blir unge overlatt til å oppdra seg sjølv og korrigere seg sjølv, og øve seg på å ta skuld og ansvar for eigne individuelle problem. Med dette fokuset går vi andre ansvarlege fri. Eit fokus som skaper einsemd. I motsetning til «ground zero» der barn og unge ser og blir sett, plagar og blir plaga, øver og lærer i fellesskap. I fellesskap. «Ground zero» er ei sone og ein dimensjon i livet der barn kan vere i fellesskap med, mot og for kvarandre. Å forkaste denne dimensjonen er å overvurdere vaksenverda.