Lærarloggen

– ein blogg om læring

Om Lærarloggen

Mange lærarar med lang erfaring har djup innsikt i det menneskelege. Kunnskap om vilkår for læring og livsglede, og kunnskap om mangfald og premissar for fellesskap. Ytring og erfaringsdeling er også ein slik premiss. I Lærarloggen ynskjer eg å inviterer lærarar, studentar, foreldre til å tenkje med om skulelivet.

Om Trudi Henrydotter Eikrem

Eg starta å undervise i musikkskulen i 1988, og heldt fram med undervisning på mellom- og ungdomskuletrinnet til 2010. Eg har undervist i faga norsk, spansk, engelsk, symjing, samfunnsfag og KRLE med klassestyrarfunksjon. Samstundens underviste eg i fleire år på kveldstid i portugisisk for vaksne, og eg arbeidde også som portugisisk morsmålslærar. I regi av friundervisninga dreiv eg babysymjing i 16 år.

I perioden 1999 – 2002 utvikla og leia eg eit omfattande rusprosjekt ved Ulstein ungdomsskule, samt eit Erasmus-finansiert Europa-prosjekt.

Sidan 2010 har eg undervist i samfunnsfag i lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda, fast tilsett frå 2019. I 2021 fekk eg undervisningsprisen ved HVO og i 2024 disputerte eg for graden Dr. Philos, ved Institutt for moderne samfunnshistorie, NTNU, Trondheim, med avhandlinga “Frå mat til merkevare. Christian Johnsen sin klippfiskhandel i perioden kring 1850 – 1890.

Ei brei erfaring har gitt innsikt og perspektiv på læring i ulike faser og dimensjonar av menneskelivet.

For meir info og meir om prosjekta mine, sjå nettstaden Bachalhaubiblioteket.

Portrett (her og i høgremargen): Vasco Pinhol.
Scroll to top