Lærarloggen

– ein blogg om læring

Lærarutdanninga

Skulelivsmeistring; lærevanskar i den norske lærarutdanninga?

I lærarutdanninga har pedagogikken ei slagside som  går på bekostning av didaktikken. Denne ubalansen fører til at lærarstudentar alt for ofte og i alt for stor grad grunngjev arbeidsmåtar som stimulerer tenking og empati med pedagogisk relasjonsteori. Studentane utviklar ein lærarpraksis som har stort fokus på å bygge relasjon og skape tillit – utan at dei når det overordna nivået som er å skjøne samanhengen mellom kunnskap, tenking og danning.

Fører læreplanens fokus på kompetansemål til ei svekking av kvaliteten i høgare utdanning?

I Klassekampen 16. desember hevdar historielærar Daniel Ergo Biesenbaum at fagleg valfridom for læraren og ein kompetansebasert læreplan er betre enn ein fagleg orientert læreplan. Posisjonen er ikkje uproblematisk for kvaliteten i høgare utdanning.

Scroll to top