Når ein ikkje er Einstein – frå ein komande stipendiats loggbok, 160310
Herregud! Må eg døy med alt eg veit, vil og kan? Er det slik det er å vere stum, ikkje ha språk? Eg gret. Eg kjenner meg so botnlaust fortvila.
Herregud! Må eg døy med alt eg veit, vil og kan? Er det slik det er å vere stum, ikkje ha språk? Eg gret. Eg kjenner meg so botnlaust fortvila.
Men altså; kva er det som feiler byråkratar og politikarar i norske kommuner? Som i eit stadig aksellererande tempo unnlet å kjøpe inn bøker i papp og papir til skuleborn. Kva slags kunnskap har desse ansvarlege lagt til grunn for å velje bort fysiske bøker i skulekvardagen? Og kva slags kontekst vert barnet forstått som ein del av?
Ok. Så har eg fatta mot. Og ork. Damp må ut. Temaet er norsk skule, undervisning, barneoppseding, kulturelle trendar; kvar skal eg starte? Kanskje med det faktum at eg har undervist i 35 år. Fyrst som så kalla ufaglært. Det gjaldt for oss, gjerne disiplinfagleg superkompetente, men utan lærarprøva.