Men altså; kva er det som feiler byråkratar og politikarar i norske kommuner? Som i eit stadig aksellererande tempo unnlet å kjøpe inn bøker i papp og papir til skuleborn. Kva slags kunnskap har desse ansvarlege lagt til grunn for å velje bort fysiske bøker i skulekvardagen? Og kva slags kontekst vert barnet forstått som ein del av?
Avgjerda kan umuleg kvile i ei erkjenning som denne: at barn er taktile vesen som studerer verda gjennom kroppen. Kroppen som ei biologisk masse konstituert for å samle og bearbeide informasjon og tolke det som blir kommunisert. Ei bok i papp og papir representerer eit muleg sanseleg objekt som gjer at barnet kan forhalde seg til kunnskap presentert på eit avgrensa «geografisk område». Eit saksfelt som har ein start og ei avslutning, som kan luktast, følast og vurderast med to permar som yttergrenser for start og slutt. Boka i matematikk har byrjing og slutt – barnet kan sjå, lukte og føle desse punkta som «teiknar» eit avgrensa læringsrom i eit avgrensa tidsrom (før var det gjerne eit skuleår) – Så, barn; sa læraren, – dette er boka for 4. klasse. Og vi gledde oss over denne boka som også var eit handfast symbol på vår fysiske og mentale «vekst. Ei oppleving av å vere på veg inn i universet som dei eldste alltid held fram for dei yngre – universet der makt og fridom ligg. Som barn alltid lengtar etter og strekkjer seg mot, slik planter strekkjer seg etter lyset, natt mot dag, sjølve tyngdekrafta; det å bli større og til sist stor. Har alle byråkratar vorte så innkrøkte i seg sjølve og sitt eige tilvere at dei har gløymt at barndommen er å vere i dimensjonar?
Boka er ein leikeplass
Muleg det er ein del av diagnosen. Så treng barnet den fysiske boka av mange grunnar. Lesing er ikkje ein kognitiv og intellektuell aktivitet som utspelar seg i eit vakuum. Lesing i bok representerer ein djuptgripande kulturell verdi. Aktiviteten må setjast inn i ein taktil, kognitiv, emosjonell og kulturell kontekst. Å kunne bla, føle på papiret, starte og fullføre ei bok. Det fysisk sansbare som fyl med berøring av boka stimulerer ein kroppsleg dimensjon som er sterkt tilstades i organismar som ikkje primært ytrar seg verbalt. Som ein følgje av kontakt med det sanselege gir boka barnet tilgang til det som har opna seg i barnets kognitive reservoar og som kan utviklast over tid som følgje av stimuli. Dersom vi gir barnet tid. Fantasi og leik skaper emosjonelle responsar i barn dersom barnet får fred, ro og tilstrekkeleg langsam tid til å etablere og utforske sine indre sentral for informasjonskopling. Menneske er ein forskingsfabrikk – men barn treng tid, og barn treng fysisk stimulerande kontaktpunkt for å lære.
Livsmeistring i eller på papiret?
Mor mi, som var bibliotekar lærte meg dette om barn og bøker, og ho insisterte på at å gleda ved å lese bøker handla om oppseding og tidleg læring. Ho insisterte også på at lesing var ein taktil aktivitet, og at tilgang til leseferdigheiter gjekk gjennom berøring, fysisk stimuli og aller helst kontakt mellom kroppar med boka som omdreiingspunkt. Boka, meinte ho, ville slik bli ein naturleg del av barnets liv, og med øving ville den kunne representere eit rom for ro, rekreasjon, læring og kvile, spenning, glede og kontakt. Å bla i papir stimulerer sansar og koordinasjon. I motsetning til skrolling som er uendeleg – som triggar uro, rastløyse og maktesløyse i mangel på oversikt. Så kva er motivet bak digitaliseringseksperimentet? Er det så banalt som botnlinja igjen? Billeg tilgang til læremateriell? Abonnement på læremateriell som kan oppdaterast? Viss fordel er at det kan oppdaterast mykje raskare og billegare enn bøker? Tja. Dersom det var slik at utforminga av bokstaven A endra seg år om anna kunne det kanskje vere eit argument. Men det er jo ikkje saken. Barn har vanskar med å halde oversikt over læringsstien i møte med ein uendeleg lang «dorull» av tekst og bilete som ikkje har eit startpunkt og ein slutt. Barn opplever avmakt og tidleg «læringsdød» i møte med skjerm. Barn treng bøker som synleggjer tida, skuleåret, «spenningsåret» – som barnet kan orientere seg i og knytte forventningar til. Som barnet kan orientere seg i.
Devaluering av barnets sansar
Barndommen er prega av å vere ein lærande dimensjon. Ein dimensjonen som har si eiga rytme. Som kan stimulerast, men ikkje styrast. Å unnlate å arbeide med barn gjennom denne dimensjonen ved å deaktivere sanseapparatet vil påverke barnets erfaring med og utvikling av eige læringsregister. Det er oppskrifta på ein tidleg «læringsdød». Det kan gjere vegen til mantraet om sjølvstendig og kritisk tenking frykteleg lang og vegen til Soria Moria enno lenger.
Ugler i mosen
Det må finnast ideologisk motiverte og implisitte teoriar som driv ideen om at barn treng berøring med ny teknologi så tidleg som muleg. Etterspør grunngjevingar i lys av pedagogisk kunnskap på neste lærarmøte når rektor i allianse med skulebyråkratane og – politikarane kjem trekkjande med digitale læreverk og kalde flater som det læringsfremjande eine. Prøv ut denne min mistanke som peikar mot argument som er motivert av ein nyliberal kontekst som nyttar produksjons- og marknadstenking som teorigrunnlag i arbeidet med å utvikle skulen. Bruk av kodespråk i ein stammefellesskap fremmar alltid dei mektiges interesse. Makta snakkar om effektiv skule, kvalitet i opplæringa, nasjonens framtidige konkurransekraft som gyldige argument for «satsinga i skulen». Dersom dette omsett betyr noko i retning av at ny teknologi gir oss overskotstid, så er eg med. Det kan samsvare med historisk erfaring. Spørsmålet vil deretter bli kva overskotstida skal nyttast til. Stiller ein det spørsmålet til politikarar og skulebyråkratar så kjem omgrepet kvalitet raskt på bane. Då lyttar eg, og det eg har høyrt skal vi ta ein annan gong.
Bruken av steintavler
Så tenkjer heller ikkje eg at vi skal hoppe over digitale verkty i skulen. Absolutt ikkje. Men tidspunkt i lærings- og utviklingsprosessar er heilt avgjerande og må samsvare med kva som er meininga. Då må ideologi, idear og kvalitet drøftast og motiv avklarast. Motivet for å satse på den utstrakte bruken av steintavler må derfor på bordet no. Vi må diskutere baksida av (den overdrivne?)teknologioptimismen, og også fortolkinga av skulen. Er skule, eller skal skule vere «eit produksjonsfelt med ei produksjonslinje med store kostnadsutfordringar som skal effektiviserast og kvalitetsutviklast til robuste einingar som kan møte framtida der den digitale verda bokstavleg talt lettar oss for død kapital», så må vi drøfte baksidene!!! Kva er konskevensane av denne tenking for barnet? Kva slags ideologi (menneske og samfunnssyn) ligg bak? Og i «fillespørsmålet» om boka flotnar heile (dritt)pakken opp. Boka har ein svært viktig struktrerande funksjon i barnets læringsliv! Har barns livskvalitet betydning i eit samfunn som held fana om medborgarskap høgt? Eller er barnet fyrst og fremst eit investeringsobjekt i framtida på line med anna investeringskapital? Stå fram alle jordens ideologar!
Tyrannosaurus Lex
Barn skal fyrst og fremst eksponerast for ei fysisk og analog verd, med langsemd og ro. Det dannar grunnlag for læring kopla til toleranse, mangfald og respekt, som demokrati og livskvalitet for den enkelte er sterkt kopla til. Seinare kan menneske veksle mellom ei analog og ei digital verd og skjøne og utnytte verdien av begge. Så treng barnet i dag at lærarar er dinosaurar som står opp for den kunnskap og erfaring dei har om det å vere menneske i dimensjonen barn. Lærarar er barnets fremste advokat saman med barnets foreldre, og skulen burde halde fast ved ein lang og sterk tradisjon om å representasjon av motkultur og motmakt mot kapitalistiske interesser. I eit samfunn som det norske, der staten langt på veg har «domestisert» fellesskapets barn – blir skule og læraranes ansvar desto større. Skuleleiingar vil erfaringsmessig rette sin lojalitet oppover, lærarar bør ikkje gjere det same. Vi er den siste skansen. Tør vi stå opp for barna og vere vår konteksts «Tyrannosaurus lex»?