Den paradoksale fridomen
Tor-Johan Ekeland, pensjonert professor i sosialpsykologi frå Høgskulen i Volda
Gjesteskribent i dagens lærarlogg er Tor-Johan Ekeland, sosialpsykolog, og professor emeritus ved Høgskulen i Volda. Han forklarer at medan psykologar er opptekne av det som skjer inn i folk, så er sosialpsykologar opptekne av det som skjer mellom folk. Han er ein skarp kritikar av nyliberalismens individualiserte samfunn og diagnosebruken i vår samtid. I denne bloggen skriv han om nettopp den paradoksale fridomen.
Førestillinga om individet som ei avgrensa eining med ein unik, indre struktur tek vi i dag for gitt – som om det var natur. Antropologen Clifford Geertz omtalar dette som ein ganske spesiell idé, sett i lys av dei ulike kulturane i verda. Ifølgje filosofen Charles Taylor er ideen likefullt heilt sentral i vestleg sjølvforståing. Det er i dette indre rommet at storleikar som føremål, val, freistingar, lyster og laster utfaldar seg, og som definerer individet som uavhengig, og både fritt og ansvarleg. Det er først etter mellomalderen (renessansen) at dette individuelle sjølvet – eit Ego – blir gjort tydeleg i samfunnet. Den etterfylgjande perioden med Opplysingstida og modernitet som fører fram til vår tid kan på mange måtar sjåast på som frigjeringa av individet og dette Eg-et. Ikkje minst skulle vitskapen frigjere oss frå lagnad og overtru, og gjere det mogleg å ta kontroll over naturen og skape samfunn til beste for individa. Fram til vår tid har ulike grupper etter tur blitt rettssubjekt og oppnådd vern og rettar, noko som har kulminert i demokrati og menneskerettar.
Individualisme
I Vesten har det difor vore nærast umogleg å stille seg kritisk til individualismen, sidan det samstundes blir eit åtak på individet sin fridom. Det som etter kvart like fullt har blitt synleg i vår tid, er at det individuelle jaget etter fridom er i ferd med å truge dei fellesskapane som er nødvendige for at samfunn skal kunne fungere som samfunn – ikkje minst som velferdssamfunn, og dimed gje individa dei føresetnadene for at fridomen i det heile teke er meiningsfull. Vi kan ikkje få full individuell fridom og fellesskap samstundes – det er ei av vår tids myter. Ikkje skjeldan høyrer eg representantar for landets største parti for tida i ei og same vending klage på skatten (meir fridom) og på at staten ikkje stiller opp for sjuke og gamle (meir fellesskap). Alle fellesskap føreset at individa er villige til avstå noko av sin eigen fridom, fordi den kollektive fridomen som dette gir kjem individet til gode. Eit bilete: om vi i ein by slepte fridomen laus til å køyre og parkere som vi ville, ville kø og kaos gi mindre fridom for den enkelte.
Ego-system
Den italienske sosiologen Matteo Pietropaoli tek i boka «Individualism and the rise of egosystems» eit oppgjer med tidas utvikling. Han omtalar det som eit stort paradoks at vår førestilling om individuell fridom no resulterer i ei svekt evne til å operere kollektivt, nettopp i ei tid då menneskeheita treng meir samarbeid og mindre egoisme for å kunne handtere dei viktigaste utfordringane ho står overfor, til dømes klimakrisa. I staden for sosiale øko-system har vi skapt ego-system, der vår eiga individuelle tilfredsstilling har førsteprioritet. Rett nok kan politiske sakstilhøve utløyse massemønstringar og aksjonar, men dei er ofte kortvarige og uorganiserte, meir å likne med ein sverm (swarm) enn eit organisert kollektiv, og difor med avgrensa politisk betydning.
Tvang til fridom
Den norske filosofen Arne Johan Vetlesen hevdar at vi i dag har hamna i paradokset “tvang til fridom”. Han ser på fridomsbølgja på syttitalet (som i hovudsak var venstreorientert) som ein forløpar til den nyliberale bølja som frå 1980-talet kom til å dominere i Vesten. Her var parolen meir makt til individet og mindre makt til staten, og ein gjekk til åtak på regulerings- og forbodssamfunnet. Individets rett til å velje mellom stadig fleire alternativ på stadig fleire livsområde, vart ei opphøgd norm. Ifølgje Vetlesen har dette for mange i røynda arta seg som det motsette av fridom, nemleg ein aukande valtvang. Sidan valtvangen blir knytt til kvar enkelt, blir det å kunne gjere dei rette vala provet på individet si evne til å ta ansvar. Og dei «rette» vala handlar om individuell suksess, sjølvomforming og sjølvforbetring. I dette konkurransesamfunnet aukar også tilhøyrande stress og maktesløyse. Prisen for fridomen er utryggheit, angst for å feile og lengt etter ein fellesskap som ikkje lenger finst.
Å skape seg sjølv
Det nye klasseskiljet blir mellom dei som tek dei rette vala, dei som har dei sosiale og økonomiske ressursane til òg å kunne omstille seg når omstenda krev det, og dei som stagnerer og fell utanfor. Medan identitet (kven du er i fellesskapen sine auge) i tidlegare tider var noko som var gitt deg, voven inn i fellesskap som til dømes nasjonalitet, kultur, klasse, rase, religion, lokalsamfunn, slekt, familie og tradisjon – er idealet i dag at individet skal vere fri og ubunden til å skape, og omskape seg sjølv. Og skal ein bli ny, må ein tenkje nytt. Å ikkje følgje med i tida er vår tids latterlegheit. Fortid, tradisjon og sedvane eignar seg difor best for museum og romantisk nostalgi. Sjølvrealisering har blitt ei kulturell forplikting. Mislukkast du, har du deg sjølv å takke. Skal marknadssamfunnet fungere, må også individet stille opp og vere aktiv forbrukar. Ein god forbrukar er alltid passe misnøgd, slik at ein stadig jaktar på noko betre, også betre utgåver av seg sjølv.
«Fellesskapens nødvendigheit»
Ei samfunnsutvikling der fridomen, sjølvstendet og den personlege veksten og vala til individet blir det absolutt viktigaste, kan paradoksalt nok føre til fleire ulykkelege individ. Dette vart i si tid føresett av filosofen Georg Wilhelm Friedrich Hegel. Han argumenterer for at ein ubunden, sjølvforvalta fridom – ein fridom som ikkje er fridom til noko bestemt – blir tom, «ubestemt» og dermed deprimerande. Hegel forsvarar individet sin rett til fridom, men peikar samstundes på at den kan slå om til det motsette dersom «nødvendigheita til fellesskapet» blir ignorert. Den nyliberale kulturen, som nettopp har meir fridom for den enkelte som «merkevare», har kanskje nettopp ignorert dette, og skapt ein skadeleg konkurranse- og prestasjonskultur. Implikasjonen er altså at verdiar vi historisk kan identifisere som framsteg og humanitet, òg kan perverterast.
Fyrst publisert i Vikebladet/Vestposten 18. mars 2026.
