Valdtekt; offer eller tiltalt?
– ein kritikk av politiarbeidet i valdtektssaker
Samtykkelova presiserer at berre aktivt uttrykt samtykke tillèt seksuell omgang. Utan dette kan seksuelle handlingar straffast som valdtekt. I debatten kring lova var det usemje om svekt rettssikkerheit. Ei anna side som har vore lite drøfta, er om det dårlege politiarbeidet som mange kvinner opplever i desse sakene no blir utfordra.
Dårleg og inkompetent politiarbeid kan opplevast som eit svik. Ei kvinne ga dette trivielle innblikket i ei stor livstragedie.
– Er du sikker på at det var valdtekt, spurde politibetjenten, og tok frå henne det ho måtte ha att av mot og verdigheit. Kva skulle ho svare? Spørsmålet kom fordi ho ikkje hadde anmeldt umiddelbart etter hendinga.
Forteljinga hennar røyser spørsmål om politiutdanninga. Sidan valdtekt skjer dagleg må ein kunne forvente at avhøyrsmetodar, traumeforståing og statistiske data knytt til etterforsking av valdtekt er obligatorisk i opplæringa. Trass i gode intensjonar i emneplanane til Politihøgskulen; vart altså denne betjenten ein gong uteksaminert utan kompetanse til å kunne etterforske den grovaste og vanlegaste av alle kvar-dags-forbrytingar i Noreg. Kvinna det gjeld er eit ikkje utypisk valdtektsoffer – vaksen, gift, barn, yrkesaktiv – valdteken av ein kollega, venn, ung mann. Ho var hjelpsam og køyrde han heim etter ei festleg samkome – han var full og hadde andre planar. Valdtektssituasjonen pasifiserte og uverdiggjorde henne, ute av stand til å ta vare på seg sjølv. Ei erfaring fylt av skam, nederlag og tap av sjølvrespekt. Den fysiske smerta er påtrengjande i gjerningsaugneblinken, og dei mentale verknadane er paralyserande. I minutta under og etter valdtekta strevar hjernen med å kalibrere opplevinga – som ikkje passar inn i røyndomsoppfatninga, og deretter må alle livets erfaringar reforhandlast. Det er hardt arbeid, det tek tid – og samstundes vil spørsmålet om kvifor, stå usvart. Fordi vi treng meining, vil i siste instans det absurde spørsmålet melde seg – var det mi skuld? Spørsmålet reflekterer det ultimate overgrepet; hennar internalisering av valdtektsmannens fortolking av henne som objekt for seksuell nyting.
Sjølvransakinga opnar for angrep på eigen identitet. Ho blir sjølvfortærande. Dårleg politiarbeid forsterkar denne nedbrytinga. Det er kriminelt. For det er dette ein erigert penis som borrar seg inn i kroppen handlar om – den utholar identiteten og ranar deg for sjølvtillit og tillit til verda. Ein tillit som godt politiarbeid kunne ha bidratt til å rehabilitere. Det motsette skjedde i denne saka. Ho miste søvn, matlyst og gløden i livet, omgitt av ein vettskremt familie.
Dårleg etterforsking er utdanninga sitt ansvar. Om opplæringa ved Politihøgskulen var av god kvalitet hadde betjenten visst at spørsmål som dette og dårleg politiarbeid er retraumatiserande. Eit velkjent problem som kom til uttrykk i opningsreplikken til kvinnas advokat:
– Er du sikker på at du vil anmelde dette? Det brukar å bli tøffe avhøyr.
Om denne valdtekta hadde skjedd etter 1. juli 2025 ville politiets fyrste og viktigaste spørsmål vere – samtykka du? Svaret ville ha vore nei. Og spørsmålet om ho var sikker på at det var ei valdtekt hadde falle på sin eigen urimelege og steinharde grunn.
Samtykkelova er ein kritikk av handsaminga valdtektsoffer får i rettssystemet. Det er bra. Men; samstundes vart fordjupingsfag i valdtektshandsaming fjerna frå emneplanen ved Politihøgskulen (2016), trass i at forsking viser at politiet leverte låg eller svært låg kvalitet i etterforskinga av nær 40 % av desse sakene. Den viser også at offer som gjorde motstand har større tillit i systemet enn den som vart paralysert. Eit paradoks tatt i betraktning at valdtekt oftast skjer i kjente omgjevnadar. Kor mange kvinner gjekk ut av julebordsesongen med ikkje- kompatible erfaringar? Spørsmålet er så trivielt at sjølv ikkje statistikarane har tenkt på å talfeste dette.
Saka til omtalte kvinne vart sjølvsagt henlagt på bevisets stilling. Hennar angst er at dette blir oppfatta der ute som ei frikjenning av overgriparen. I gjennomlesinga av saka slo det henne at ho hadde vore i avhøyr i til saman 8 timar – utan pause. Gjerningsmannen vart avhøyrd i to timar med innlagte pausar. Det er vanskeleg å skjøne dette på anna måte enn at det var offeret i saka som vart den tiltalte.
Fyrst publisert i Klassekampen 02.01.26.
