«Say sorry…!!»
Tor-Johan Ekeland, pensjonert professor i sosialpsykologi frå Høgskulen i Volda
Det trengs nok fleire ropeteikn enn dette for å ordmale det som vart slengt etter meg av ei eldre dame for ein del år sidan. Hendinga som utløyste tilropet skjedde på Victoria stasjon i London der eg hasta av garde for å nå eit tog. I mi sjølvsentrerte travelheit skubba eg altså borti ho – og fekk skjenn, ikkje for å ha skubba, men fordi eg altså ikkje unnskylda meg. Eg har tidvis lurt på kvifor eg, etter så mange år, hugsar denne episoden – bagatellmessig som ho var. Eg hugsar den fordi den vekte ei kjensle i meg; nemleg skam. «Shame on you», kunne ho like godt ha sagt. Der og då skamma eg med for å ha vore uhøfleg.
«Skam deg!»
Kjensler har god hukommelse, og skam er ei kjensle som kan øydeleggje menneske om den set seg i kroppen som ei kronisk påminning om at du er lite verdt. Då trengs det avskamming – slikt som terapeutar steller med. Meir problematisk blir det når vi, fordi skam er ei negativ kjensle, har gjort det til eit kulturelt prosjekt å avskaffe skamma – ikkje noko å skamme seg over, gjer som du vil og ver som du vil, at andre bryr seg skal ikkje du bry deg om, er vår tids føretrekte melodi. I mi skuletid var skammekroken velkjent – nokre minutt der for bråkmakaren på bakarste pult, var akseptert straff. Straffenivået kunne høgnast til å bli vist på gangen for ei stunde. «Skam deg!» – var også legitim verbal foreldrestraff, også i andre sitt påhøyr. Både skammekroken og slike verbale lusingar er borte no, og bra er kanskje det. Men, eit skamlaust samfunn – er det å trakte etter? Kva skjer når vi skammar oss for lite? Har vi i draumen om det skamlause samfunn «hive barnet ut med badevatnet», som det heiter? Eg tenkjer ikkje på det vi kan kalle trend-skam, flyskam, kjøtskam osb. – moderne påhitt for å påverke forbruk vårt. Vi gjenkjenner dette som instruert skam, og den er neppe eigna til å «kjenne det i magen» slik eg gjorde på Victoria stasjon.
Mennesket – vesenet som raudnar
Skam er ei universell og grunnleggjande sosial kjensle. Den handlar om at vi biologisk sett er flokkvesen, og skamkjensla fortel oss at vi har gjort noko i utakt med flokkens normer og reglar – at vi har blitt «tatt med buksa nede», sett når vi ville vere usett. Nokre raudnar i ein slik situasjon – eit paradoksalt fysiologisk fenomen: det er nettopp når vi ikkje vil bli sett, at kroppen sladrar på oss; ufrivillig blir vi synlege. Mennesket er det einaste vesenet som raudnar. Charles Darwin undra seg over dette fenomenet, «det mest særeigne og menneskelege av alle uttrykk» som han sa -men, kvifor har evolusjonen utstyrt oss med ein eigenskap som avslører våre svake sider? Han gav opp å finne svaret. Seinare har evolusjonsforskarar hevda at vi ved å raudne etter ein sosial tabbe kommuniserer til flokken at vi vedkjenner oss tabben, og indirekte, flokken sine reglar. Slik avvæpnar du andre sine reaksjonar og gjenoppretter tillit.
Skam som sosialt kompass
Skamkjensla fungerer som eit sosialt kompass. Den hjelper oss til å fylgje normer og unngå å trå over andre sine grenser. Den er sjølvsagt negativ, som dårleg samvit – det er teikn på at den verkar. Men, du kan neppe skamme deg over å vere uhøfleg om du ikkje har lært deg å vere høfleg. Mi skamkjensle kom nok frå femtitalet – ein barndom med stor fridom og klåre grenser. Ein skulle lære å oppføre seg! Spesielt var samling kring matbordet ein viktig arena – det er i slike mikrokosmos sosial læring skjer. Hender skulle visast som dokumentasjon på at dei var nyvaska. Sitje pent – ikkje bråke eller ligge over bordet, vente på tur, forsyne seg med omsyn til at andre også skulle ha – og framfor alt ikkje klage høglytt på maten. Straffa som venta ein syndar var bortvising frå bordet – og i verste fall å måtte leggje seg svolten. Den vart ikkje praktisert ofte, for vi visste at det ikkje var ein tom trussel.
Syttitalet – vekk med skamma!
Men femti og seksti-talets læring blei kraftig utfordra frå syttitalet og utover. Vi «ekte» sekstiåtterar var ikkje ekte om vi ikkje utfordra foreldregenerasjonens normer, skikkar og seder. Sosiologen Nils-Fredrik Nielsen udøyeleggjorde dette normative opprøret i den legendariske pamfletten «Ekte sekstiåtterer spiser ikke seipanetter», der det m.a. står at vi «… ikke brydde oss om klær, og måtte derfor være svært nøye med vårt utseende». Vi skulle vere frie – ekte og naturlege! Hår skulle vekse vilt, kvinnene kasta bh-en – saman med høghæla sko; sett på som ei oppfinning av menn (sjølvsagt) for at kvinnene ikkje skulle kunne stikke av. Og høvisk framferd? Tja, ikkje overfor kven som helst; eit grynt og eit hei om det var naturleg og ekte kunne greie seg – men «bukke, neie ..» variantane måtte sjølvsagt avskaffast. Høgtlesing av boka «Skikk og bruk», som kom i 1960 og vart ein bestseljar, var ynda nachspiel-underhaldning om fortidas villfaringar. Nyleg las eg føreordet i denne boka, skrive av redaktøren Waldemar Brøgger som lanserer bokas motto: «Gjennom kunnskap om formene blir vi frigjorte fra dem». Det vart ei påminning om eigne villfaringar. Alle kulturar har til alle tider utvikla omgangsformer, nødvendig for identitet, respekt og omtanke – og for å halde flokken samla. Når det er lært, sit det i kroppen – er automatisert og «naturleg», og gir meir opplevd fridom enn konstant å måtte spekulere på kva som gjeld, er Brøgger sitt poeng.
Tidleg læring gir varig verdi
Som sekstiåttar burde eg altså ha skamma meg over å ha skamma meg der på Victoria stasjon – men, femtitalet viste seg altså å trumfe syttitalet. Ein sjukeheimstilsett fortalde meg fylgjande historie. Den handla om to demente menn, ein lærar og ein prest, som tilfeldig hamna på same avdeling. Dei hadde hatt med kvarandre å gjer i yrkeslivet, men kunne ikkje snakke i lag no. Dei gjekk ofte tur kvar for seg fram og tilbake i korridorane, og når dei møttest letta dei på sin usynlege hatt, spurde etter frua og ynskte vel heim. På returen nokre minutt seinare gjentok det same seg. Lærer vi tidleg nok gir det varig verdi.
