Når barn blir ein framtidsmarknad
Eg er så trøytt på alle aktørane som gjennom sine særinteresser lagar undervisningsopplegg som dei tilbyr skulen. Eg er så lei av interesseorganisasjonar og andre profitørar som finn sin marknad i skulegarden. Eg er så oppgitt over alle oss som sjeldan protesterer! Oss – det er vi – alle vi som er lærarar og som med liv og lyst har arbeidd med, for og ved ungdom i tiår etter tiår. Kven er profitørane? Eg kunne ha ramsa opp langt fleire enn dei tilfeldige eg nemner her – MOT, Sex og samfunn, FRI og no seinast i dag, det siste tilskotet i følgje (ei godt innpakka annonse i) UtdanningsNytt; også Nobel Instituttet. I si sjølvpromotering forklarar dei at innhaldet er forskingsbasert (evidensbasert kanskje?) trendy pc-fritt, og blir lasta ned av lærarar.
Nobels Fredssenter vil bidra til å gjøre skolen til en øvingsarena der elevene ser verdien av å utforske ulike perspektiver, får kunnskap til å gjøre seg opp sin egen mening og trene på å si den høyt, understreker direktør Kjersti Fløgstad.
Til alle dykk som vil inn i skulen og låne oss den kompetansen de meiner vi ikkje har, eller har det for travelt til å utvikle: Kva trur de skule handlar om? Kvifor meiner de at vi som underviser ikkje nettopp har dette fokuset på å presentere ulike perspektiv og ny kunnskap som gir barn og unge høve til å utvikle eigne meiningar og mot til å artikulere seg? Kva slags førestillingar om det norske lærarkorpset avslører utvikling av eit konsept som dette – som ellers berre er eit av mange som florerer der ute? Ei botnlaus mistillit på den eine sida – og ei marknadsmulegheit på den andre. For som det står i annonsa:
Vi trener spesielt på uenighetsfellesskap./…/Først blir elevene kjent med hvordan fredsprisvinnere har brukt dialog som metode for å skape fred. Sjølvsagt – her er det gitt plass til å opplyse om senterets verksemd og opplegget vil nok også bidra til å posisjonere senterets arbeid i dei komande vaksnes medvit. Deretter /…/ vil elevene få trene på dialog gjennom tre praktiske øvelser. I siste del jobber de med et politisk aktuelt tema der de får tildelt et perspektiv og skal delta i dialog.
Kvifor treng skulen utanforståande til å løyse dette sjølvsagte, kvardagsleg ideologiske oppdraget som lever i ein kvar skuletime heile året, i tråd med ein lang historisk tradisjon? Marknadsorienteringa i skulen er skadeleg. For skulen som sådan. Og for born som blir gjenstand for medviten påverknad av aktørar som tener ei interesse anten den gir gevinst i form av eit vaksen-medvit eller pengar. Desse «velmeinande» aktørane investerer for alvor i framtida og går gjennom skulen på eigne særinteresse-premissar utan å reflektere over at dei samstundes undergrev lærarars faglege autoritet ved å by seg fram som om dei kan og veit noko anna eller betre enn dei lærarane som faktisk er kvalifiserte til å gjere jobben. Profetien blir sjølvoppfyllande; dess fleire aktørar som indirekte promoterer skulens inkompetanse – dess meir inkompetent vil skulens fotsoldatar forstå seg som, og som ein logisk følgje; villeg opnar seg for ekstern kompetanse. Denne negative spiralen skaper den marknaden som i utgangspunktet aldri var der, og aldri burde ha fått lov til å bli etablert. Ein heil skog av interesseorganisasjonar involverer seg i skulen (Børhaug og Helsvig et al, 2025) som blir eit skuleeksempel på korleis opprette og utvikle ein marknad gjennom passiviserte konsumentar som blir oppdratt til å ta imot stadig nye produkt og konsept. Her må det snart ryddast opp, både til høgre og venstre!
