Lærarloggen

– ein blogg om læring

Når ein ikkje er Einstein – frå ein komande stipendiats loggbok, 160310

Herregud! Må eg døy med alt eg veit, vil og kan? Er det slik det er å vere stum, ikkje ha språk? Eg gret. Eg kjenner meg so botnlaust fortvila. Eg maktar ikkje finne vegar i mi eiga hjerne som kan opne for å få avlevere alt eg veit og vil. Det kjennest ut som ei mental forstopping. Som om eg har hatt ei gedigen hjerneblødning. Cellene gidd ikkje, for faen! Kom igjen då lat-hansar. For helvete! Skal de pine meg slik lenge? Eg har forsøkt å finne ein firefelts motorveg, og finn berre hjelpelause steinrøyser og sytrådar. Dette er ikkje bra. Neivel. Eg kan ikkje tenkje. Nei. Då får eg lese litt til. Og gjer det. Les Heggen og Terum. Og kva finn eg? Enno meir mat til forstoppinga! Det er vel ein elendig strategi å dytte i seg meir mat, når tarmane alt er smekkfulle. Kva ville eg ha gjort, om det var saken? Tatt meg ein joggetur, så klart. Minst ein. Kanskje det er det eg skal gjere? Men eg er så ivrig! Eg må få sagt alt dette før eg døyr, og livet er så kort…

Eg får mest ikkje puste. Eg snappar etter luft her eg sit, og seier, ja men, nei! Kom igjen. Det kan du ikkje meine… og så vil alt ut samstundes. Og det går ikkje. Du kan tygge i deg eit eple og få det ned, men du får det aldri faen heilt opp att, og det er slik dette kjennest! Det er mot naturlovene. Så blir eg så rasande på eigen manglande kapasitet. Klarer eg ikkje betre enn dette, så kan eg eigentleg berre ha det so godt…

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Scroll to top