Lærarloggen

– ein blogg om læring

Den som audmjukar andre, audmjukar seg sjølv – tale 8. mai 2025

På 17. mai seier vi gratulerer med dagen, og helsar minnet om den norske revolusjonen frå 1814. Det er muleg nokon også seier gratulerer med dagen 8. mai – men det har eg aldri høyrt. Like fullt burde vi kanskje ha gjort nettopp det. 70 millionar menneske døydde under 2. verdskrigen.

Vi har sett bileta frå fredsdagen og feiringa – fotografi som viser fantastiske gledesscener – scene som fortel ganske mykje om motstykket og krigsfølelsane. Ansikta til desse same menneska under okkupasjonen var prega av alvor, tausheit, angst, frykt og sorg.

Krigsgenerasjonen fekk likevel med seg noko verdfullt. Dei lærte at overleving var forankra i samhald og fellesskap – ei erfaring dei la til grunn i gjenoppbygginga av samfunnet etter krigen. Vi som vaks opp i etterkrigstida såg det kanskje ikkje då, men vi erfarte.  

For kort oppsummert; etterkrigstida var prega av eit sterkt kollektiv. Ein fellesskap der kollektivet gjekk framom individet, der det kollektive vernet var viktigare enn den individuelle retten. Det var krigserfaringa som snakka høgt. Vi fann oss i grensene og normene som ikkje berre var til det beste for eit mangfaldig samfunn – eg tenkjer på diskriminering av kvinner, den uverdige straffeprosessen mot jenter med tyske kjærastar, forfølgelsen av taterar og romfolk, undertrykking av samar, og homolova – som fyrst vart oppheva i 1973.

Krigserfaringane og det norske forsvar

Likevel var krigsgenerasjonen sitt samfunn i ferd med å opne seg for fleire, ikkje minst fordi det vart lagt så stor vekt på å gi tilgang til kollektiv omsorg gjennom trygde- og pensjonsytingar. Sosial utjamning som følgje av satsing på helse og utdanning for alle – skapte eit godt grunnlag for sysselsetting og vekst i næringslivet. Og kunst- og kulturliv, med offentleg støtte, bidrog til å styrke opplevinga av fellesskap, anten det dreia seg om fotball eller installasjonskunst. Utdanning, helse-  kultur- og næringsutvikling ga folk ei reell mulegheit til å skape seg eit forutsigbart og verdig liv – utdanning og helse var ei grunnleggande føresetnad for friheit til å velje.   

Også i desse vala var det Krigserfaringa som snakka høgt til oss. I Ulstein var borna 20 prosent undervektige i 1944 – og i folkehelsearbeidet som utfalda seg etter krigen så var det Sanitetskvinnene som viste veg med etablering og gjennomføring av barnekontroll, spedbarnskontroll, vaksinering og sjukepleie og eldreomsorg.

Sanitetskvinnenen definerte dermed kva eit verdig liv handla om, og politikarane kunne følgje etter å gjere desse frivillige tenestene offentlege slik at verdigheit vart eit allment gode. Det er inga sjølvfylgje, men i velferdsstaten er målet at eit verdig liv skal vere  allmenn rett.  

Vi småfolk fekk også tilgang til høgare utdanning,  – og vi utvikla profesjonsutdanningar for å sikre at det var ny kunnskap og kompetanse som skulle danne basis for ein plass i arbeidslivet.

Krigsgenerasjonen konstituerte med dette eit nytt og langt meir solid forsvar for nasjonen Noreg. Dette var eit skikkeleg breiddeforsvar.

Urett og oppreising

Så inkluderte likevel ikkje dette samfunnet alle – og dermed hadde vi som kom etterpå fått vårt eige oppdrag. Vi drøfta urett mot kvinner, samar, romfolk og andre, for å kunne gi oppreising til dei undertrykte, og utstøytte, og heilt til sist her, fekk også krigsseglarane endeleg ei takk for innsatsen – TENK DET –  lenge etter at dei var døde. Folk og stat hadde unnlatt å gi oppreising til dei tusenvis av fattige gutane langs norskekysten som hadde operert den blå frontlinja i nesten 2000 dagar.

Han Henry og dei andre utstøytte

Ein av desse var faren min, han Henry, som vart del av krigen då han var i slutten av tenåra. Han hadde vore fiskar sidan han var sju år. Han var fysisk og sterk, smart, meistra hav og naturkrefter, og vart derfor ein ypparleg soldat på den blå slagmarka.

Utan drivstoff, ingen krig, og gutar som han sørga for at krigsmaskineriet i Europa ikkje kollapsa. Flybensin og transport av andre nødvendige varer var deira oppgåva. Den sunnmørske fiskeflåte-armadaen vart ein viktig del av konvoifarta på den nordlege halvkula– no endeleg gjort kjent gjennom film og tatt opp som ein del av det nasjonale narrativet om den andre verdskrigen.

Men desse gutane sin innsats var ikkje eit tema i min skulelærdom. Kanskje fordi det ikkje gjekk så godt med dei etterpå.

Desse gutungane visste sjølvsagt ikkje at erfaringane kopla til eksplosjonar og døde kompisar skulle stele år av framtida deira. Omtrent på 20-årsdagen vart Henry torpedert i farvatnet rundt Grønland, og han dreiv forbrend og traumatisert i snødrev med oppbrende hender, saman med sin hudlause bestekamerat om bord i eit notaskal av ein redningsflåte. I bølgjer av smerte og uver låg livet på vent inntil inuittane på Baffin Island ga dei hjelp, mat og ly, før dei til sist vart henta av amerikanarane til medisinsk behandling i Halifax.

Når hud var transplantert og hendene hadde grodd, reiste desse gutane ut att på nye oppdrag i den same krigen i tre år til.

For mange av krigssiglarane vart livet etterpå ein einsam kamp mot traumer som demoniserte søvn og sjelefred. Min far vandra ofte nattelangs. Eg lærte korleis traumer korsfestar livsglede og stjeler energi – og mange av dei vart dermed fastklemde i ein krigsidentitet som i praksis strypte eit fritt liv.

Fordøming og bortskjemde born

Det hjalp heller ikkje at samfunnet der ute fordømde alkoholismen som mange av dei kom til å kvile seg i, i mangel på all anna hjelp. Naboar, kompisar og øvrigheiter som snøfta av forteljingar om drama på havet – og meinte at dette var sjømannsskrøner, at krigen var over – og kalla dei veike fordi dei ikkje kom seg vidare.

Så urettferdig det var. Eg blir lei meg og sint når eg tenkjer på at han Henry og 30 000 andre vart utstøytte og fordømde, av oss – sine eigne. For også mitt sinne måtte han tole då eg vaks opp – for at han drakk – og heller ikkje eg lånte han øyre om opplevingane han hadde hatt – for eg var alt for oppteken med mitt eige livsprosjekt, mi eiga utdanning og mine eigne mulegheiter. Som han hadde gitt meg – utan at eg eingong såg det.

For eg hadde lært å sjå han slik samfunnet hadde fortalt meg at eg skulle sjå han.

Det er ein dyrekjøpt lærdom i mitt liv, men som er overførbar til andre menneske som eg i dag ser lide same skjebne. Som heller ikkje får anerkjenning – av alle dei som veit best – som har alt utan ein gong å vite at dei har det.  

Mange born av krigsseglarar og born av uakseptabel norsk-tysk kjærleik, har levd heile livet med konsekvensane av manglande inkludering. Søner og døtre arva ei unødvendig og smertefull restbør og for mange vart etterlivet skamfylt, einsamt og uverdig.

Ein tidleg nasjonal takk kunne ha lagt føringar på skular og naboar som meinte seg å vite betre. Dette er også ei krigserfaring, som vi til no ikkje har snakka særleg høgt om. Vår generasjon har også veteranar frå Libanon; Afghanistan og Libya – og desse soldatane har også born. Eg håper at naboar, forsvaret og andre offentleg tilsette har ein plan for desse soldatane og borna deira når seinskadene set inn.  Viss ikkje har krigsseglarane sine lidingar vore heilt forgjeves.

Samarbeid og demokratiopplæring

Som lærar i samfunnsfag har eg brukt mykje tid på demokratiopplæring slik skulen er pålagt.

Opplæringa bygde ein gong på ein tanke om at eit felles kunnskaps- og verdigrunnlag er nødvendig for å knyte menneska saman, ein logikk som bygger på at utan ein sterk fellesskap basert på kunnskap og felles kulturelle opplevingar, er mennesket lettare å lure, manipulere og kontrollere.  Vi ser det i Russland, i Tyrkia, Ungarn, Romania og USA. Dagens verdenspolitiske situasjon med krig i Ukraina, Sudan, i India og Pakistan og på Gaza – levandegjer vår nære historie, og gir samanbrotet eit ansikt. Uvitande, eksluderande, ignorante, grådige og respektlause presidentar i aust og vest viser veg inn i det som har blitt bøllenes tid – den som var og den som er.

Derfor er det viktig at politikarar og veljarar er ekstra vaktsame nettopp i dette valåret, og reflekterer kva slags dyrekjøpte erfaringar dagens samfunn byggjer på.

I politisk tautrekking går det eit skilje mellom dei som heiar på næringslivet og skatteletter og dei som heiar på helsevesenet og skatteplikter. Eg skulle ynskje at diskusjonen i større grad opna seg for samspelet mellom desse tilsynelatande motpolane, slik krigsgenerasjonen fekk til, i staden for å fokusere på dei konkurrerande elementa. I vår nære historie er vi gitt åtvaringar mot konsekvensane av harde frontar, bøllete retorikk, manglande respekt, toleranse og inkludering.  

Å audmjuke andre er å audmjuke seg sjølv

Ingen er fødd demokratisk. Å skape eit sivilisert samfunn krev historisk bevisstheit, kunnskap, refleksjon og øving. Likninga er i grunnen enkel, og vi ser den kvar dag på TV-skjermen: den som audmjukar andre audmjukar også seg sjølv – å gjere andre små er å også gjere seg sjølv liten.

Verdigheit er kjerneverdien i velferdsstaten, og er ein kontrast til verkeleg skam – over fattigdom, alkoholisme, sjukdom, religiøs tilhøyrigheit, seksuell legning, si fortid eller si framtid, der uheldige må be om almisser eller må skjule seg i fellesskapen i staden for å kunne bidra.

Ingen fred utan fridom, sa krigsveteranen frå Ulsteinvik, Ragnar Ulstein, før han døydde- eg vil takke han for utsegna – han hadde heilt rett – og eg vil takke generasjonen hans for alt som vi som kom etter fekk. Gratulerer med dagen.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Scroll to top