Villa Retiro og fremtiden – sett frå Sunnmøre
Innlegg i Romsdals Budstikke 22. mai 2025.
I eit innlegg i RB 7. mai argumenterer Leif Sverre Hoel for at Molde kommune bør takke ja til tilbodet frå Molde Fotball Klubb om å utvikle parken til fotballanlegg, i det minste for å få tilbakeført bustaden til kristiansundskjøpmannen Christian Johnsen til sin opphavelege stand.
Naturområdet blir ikkje verdsatt i lys av behova til Molde Fotballklubb. Prisverdig likevel at bustadens estetiske verdi endeleg blir trekt fram, trist at det var kopling til fotballen som måtte til. Men det er kanskje ikkje så rart. Sett frå Sunnmøre er fotballen snart det einaste Molde har att å konstituere ein stadsidentitet på. Kulturbyen Molde, rosenes og jazzens by, kjent for estetikk, musikk og kulturliv – har gitt slepp på ein kulturarv som kunne ha generert endå meir meir-verdi til lommebøkene til Røkke og Gjelsten, og kanskje også bidratt til å styrke ein elles elendig kommuneøkonomi. Men dette er eit velkjent historisk fenomen; når kassa er tom så blir uerstattelege verdiar lagt ut for sal. Naturbrukarane i Molde har derfor truleg ei svak sak.

I det minste er det på sin plass å minne om at skogen er meir enn berre «trær og fugler med større problem», for å sitere Hoel. For Retiro-parken var ein gong eit lite stykke heilt unikt eventyrland i Noreg, og bidrog sterkt til å gjere Molde til det byen vart; ein kulturby. Parken vart påbegynt i 1872 og anlegget var truleg det mest storslåtte døme på viktoriansk hagekunst her i landet. I parken vart det anlagt eng, bartre og lauvskog, både tilplanta og stadeigen. Midt i Molde by ligg det altså ein heilt særeigen skog på over 150 år, med alt tilhøyrande liv.
I anlegget fanst det også dammar og tjønn mellom kollar og naturlege høgder, samanbunde av stiar som knytte dei ulike bruksområda saman. Der fanst eple-, pære-, plomme- og kirsebærtre i den nordaustlege delen av parken – og grønsaks- og bærhage, og i drivhuset fanst det både druer og fiken. Det var med andre ord godt jordsmonn i Retiro-parken som ga næring til eit stort mangfald av vekstar. Jordsmonnet hadde ikkje kome av seg sjølv, det var mykje ballast-jord, som eigaren, klippfiskeksportør Christian Johnsen, brukte til å opparbeide ei i utgangspunktet steinete og skrinn tomt. Området var karrig og sumpete i utgangspunktet, så omfattande drenering med grøfting og steinsetjing vart gjort. Kosta gjorde det – og vakkert vart det. Her møttest kultureliten, både nasjonale og internasjonale storleikar, politikarar og samfunnsaktørar og anlegget var såleis ein arena for nettverksbygging i estetiske rammer. Det har aldri gått av moten – og parken har framleis potensiale til å bli det på nytt. Derfor er truleg bygget, for nokre, viktigare enn skogen sjølv. Men utan skogen og plantene rundt blir bygget rive ut av sin historiske kontekst. Johnsen opna parken for ålmenta og slik fekk alle byens innbyggjarar tilgang til hagens venleik – og til estetisk danning. I kva grad påverka parken generell kulturell danning i Molde? Korleis påverkar estetiske rom den kollektive oppfatninga av eit «vi»? Om kommunen og penge-onklane hadde gått saman om å bevare bygningar og park ville dette i dag ha ligge som eit unikt historisk minne om ein kulturell kontekst der kapitalisten evna å dele og inkludere, ved å ruste folk for det livet bar på dei, anten dei hadde pengar eller ikkje. Johnsen anla parken som ein stad for kvile, og han visste at estetikk og mjuke omgjevnadar var verdfullt for menneskesinnet; og det var ein del av det europeiske dannings- og siviliseringsprosjektet i samtida. Dessverre har heller ikkje det gått av moten.

No skal tomta gjerast til treningsfelt for nye investeringar i ein annan tids kontekst. Fotball er utan tvil kvile for mange av oss, men slett ikkje alle. Utan at mennesket har endra seg nemneverdig sidan Johnsens tid – behovet for kvile – retiro – er like stort i dag som den gong, og verdien av naturens helande kraft er udiskutabel. Molde kommune har lenge forsømt si forplikting på anlegget – til fordel for utviklinga av ein fantastisk byskog utan sidestykke i Noreg. Når politikarane no vaknar ser dei kanskje ikkje verdien den kan ha for generasjonar som kjem, både som identitetsmarkør for eit lokalsamfunn og ein region, så vel som for det enkelte individs behov for rekreasjon. Fotball og industri er meir moderne og aktuelle identitetsmarkørar i dette landet, med langt kortare varigheit. Natur verkar djupt og langvarig. Eg trur historikarar der framme vil ha vanskar med å forstå vurderingane dersom skogen må vike til fordel for fotballbaner. Aktørane pådreg seg eit stort ansvar som vil bli ettergått også i framtida.
MFK har mange ihuga supporterar på Sunnmøre, underteikna inkludert – og vi unner klubben sigrar og storheit langt inn i framtida. Men det vil kanskje smake best om det ikkje skjer på bekostning av eit eksepsjonelt natur- og kulturmiljø av lokal, regional og nasjonal verdi, i byens kjerne. Her blir det ingen mulegheiter for returoppgjer.
Trudi Henrydotter Eikrem,
Historikar, Molde-ven og MFK-supporter
Toppbilete – foto: Nasjonalbiblioteket – Axel Lindahl
