Sei unnskyld, Kristin Clemet!
Kommentar frå eit tidsvitne.
Under kongsmiddagen på Slottet denne veka skildra Mashud Gharakani så vakkert for oss korleis våre parlamentarikarar evnar å akseptere valnederlag uttrykt gjennom klemmar og ein jovial tone. Det er fint. Vi har også erfart at dei har lært å seie unnskyld. Jan Christian Vestre har sagt det, Strøm-Eriksen og ikkje minst Sylvi Listhaug som sa unnskyld fleire gongar utan å verte trudd. Ho stod elles fremst i rekkene i førre veka med krav om ei unnskyldning for det ho definerte som løgnene frå trollfabrikken på Yongstorget.
Ei som aldri har blitt kravd ei unnskyldning av, blir det her og no. Kristin Clemet var utdannings- og forskingsminister, og ideologen bak endringane i sektoren i Noreg under Bondevik II-regjeringa (2001 – 2005), som har skapt kaos i det norske utdanningssystemet.
Ho starta arbeidet med Kunnskapsløftet (K06). Den mest mislukka læreplanreforma i landets historie. Ho lova oss at den ville skape endringar. Eit løfte som til fulle er innfridd. Ho skrota det gamle læreplanidealet om at born skulle innlemmast i i ein kunnskapskontekst og slik bli danna til gagns menneske for seg sjølv og samfunnet. Den ideologidrivne Clemet allierte seg med sekteriske pedagogar i fokuset på (det økonomiske) potensialet som kvart barn representerer som humankapital i eit framtidig samfunn. «Future skills» vart eit fenomenalt slagord sett i sirkulasjon av andre humankapital-orienterte politikarar som Bill Clinton, Tony Blair og Jens Stoltenberg (Malkenes, Simon. 2025. Humankapitalen: Framveksten av et nytt kunnskapsregime i norsk skole i perioden 1988-2008, med vekt på OECDs rolle). OECD- skulen fokuserte på kompetansemål og målbare ferdigheiter i PISA; testar som fyrst og fremst måler skuleflinkheit/ skulemodning, og avslører aukande sosioøkonomisk ulikskap.
Symbiosen mellom den barnesentrerte pedagogikken og innføring av kompetansemål på bekostning av faglege mål skapte saman med den nyliberale styringsideologien eit helvetes regime for både lærarar og barn. Kompetansemål, prestasjonsorientering og tidspress har skapt stress i alle ledd. Norske born svara på systemfeilen med å utagere, nekte å gå på skulen, bli dårlegare lesarar, og fell kraftigast av alle på måling av demokratiforståing i Europa. OECD-skulen passa ikkje vår einskapsskule som er tufta på historisk egalitet, der konkurranse har blitt og blir utøvd i lys av samarbeid. Når det faglege innhaldet vart tatt ut av læreplanen miste norske born omdreiingspunktet for fellesskap. Når den lærande fellesskapen mistar retning går skulesamfunnet i oppløysing.
Dei autonome lærarane gjekk tapt. Lærarane var del av eit felles kunnskapskollektiv. Den faglege fellesskapen ga i si tid norske lærarar mot og styrke til å stå opp mot nazismen. Kunnskap sameinar! I fredstid ga faglege diskusjonar lærarar fellesskap og intellektuelt stimuli som styrka profesjonsidentitet, yrkesstoltheit og disiplinfagleg utvikling. Vi skulle gjere barn til borgarar gjennom kunnskap, med trykk på kunnskap. Så kom vendinga i koplinga mellom den barnesentrerte pedagogikken og den nyliberale styringsideologien som målte lærarane sine prestasjonar dokumentert ved testing av barnet. Det er ein forkasteleg og menneskefiendtleg ideologi.
Frå eit lærarperspektiv var alt som skjedde frå tidleg 2000-tal ille. Det starta med fjerninga av statleg godkjenningsordning av lærebøker, heldt fram med avpolitisering av skulepolitikk ved etablering av Utdanningsdirektoratet, ytterlegare forsterka ved at lønsforhandlingar vart flytta frå stat til kommune, samstundes som lønsstigen vart endra. Helga Hjetland og Utdanningsforbundet trudde ein skalp kunne feirast då det vart gjennomslag for lønsauke, men under hårfestet låg det ei anna avtale om å yte fleire undervisningstimar. Lærarar og fagplanar vart mellom 2001 og 2005 fasa ut av den levande og dynamiske politiske sfæren. Lærarar som ei fagleg sterk profesjonsgruppe vart fråtatt sitt kollektiv ved å bli «fritatt» frå fagleg retning og utøving av reell politisk påverknad under dekke av meir autonomi og individuell fridom. Pøh!
Denne ideologiske vendinga har kosta samfunnet dyrt. Investeringar i over 750 nye skuletimar frå 2002 til 2008, eit Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem (NKVS) som årleg kostar minst 2,6 milliardar å drifte (Prøitz-utvalet) og oppretting og utvikling av eit Utdanningsdirektorat som hadde som hovudoppgåve å forbetre dei norske PISA-resultata. I framtida vil historikarane undersøke kva PISA-satsinga har kosta, samanhengar mellom fallande resultat på mest alle av direktoratet sine eigne indikatorar, unge norske borgarar sin (lærte) dysfunksjonalitet og ein norsk skule i fri flyt.
Eg veit alt dette. Eg var på lærarroma, eg har gått ved sidan av elevane, og dagens studentar. Eg er eit tidsvitne. Eg er historikar. Eg synst ikkje fråver av denne unnskyldninga skal passere. Så; sei unnskyld, Kristin Clemet. Feilslått ideologi er dyrt.
Fyrst publisert i Klassekampen 28.10.25.
