Lærarloggen

– ein blogg om læring

Skulelivsmeistring; lærevanskar i den norske lærarutdanninga?

I lærarutdanninga har pedagogikken ei slagside som går på bekostning av didaktikken. Ein ubalanse som kan føre til at lærarstudentar blandar saman vilkår for læring, og læring. Studentar kan kome til å utvikle ein lærarpraksis som har så stort fokus på å bygge relasjon og skape tillit – at dei aldri når det overordna nivået som skaper samanheng mellom kunnskap, tenking, danning og fellesskap.

Å arbeide didaktisk er å stimulere sjølvstendig tenking som grunnlag for danning. Gjennom eit fagleg tema blir vi opplyste, stimulerte til å tenkje, også kritisk. Evne til å vurdere, kritisk, bidreg til at vi utviklar autonomi; og i møte med opplysning og kunnskap, dersom vi blir berørte, vert det danna haldningar og utvikla verdiar.

Ein kvalifisert lærar må kunne så mykje meir enn pedagogikk

Fokuset på pedagogikk og relasjonsbygging har ført til at relasjonar og tryggleik vert holdt fram som det viktigaste vilkåret for læring. Eit grunnleggande premiss, men likevel berre ein del av ein kvalifisert lærarpraksis. Læraren si aller fremste samfunnsoppgåve er å legge til rette for at mennesket vert danna i møte med kunnskap. Gjennom kunnskap om verda skal den unge bli kjent med normer og grenser som held samfunnet saman – kvar det finst fridom, ansvar, rett og plikt -for at samfunnet ikkje skal gå i oppløysing. Å frigjere seg heilt og fullt frå fellesskapen kan føre oss inn i ny ufridom. Å jage ein identitet kan vere både slitsamt og risikabelt. Vi treng alle ein fellesskap å spegle oss i, og vi treng ein fellesskap som vernar oss.  

Behov for kunnskap

I denne prosessen er kunnskap sentralt. Kunnskap om identitet, læring og danning. Kunnskap har kraft i seg til å danne og omdanne menneske sine haldningar og verdiar. Kunnskap som røyver oss, og som får oss til å føle og tenkje. Kunnskap vert gjort livgjevande av den som formidlar. Det er stor kunst – og krev mykje trening. Ein dyktig lærar kjenner dei same løyndomane som dyktige forfattarar, journalistar og andre kunstnarar. Formidling som berører kan motverke utanforskap.

Evna (og viljen) til inkludering er ikkje medfødd

Lærarstudentar skal i utdanninga oppleve å verte eksponerte for kunnskap om kjipe verdiar og haldningar, og kunnskap som motverkar og klargjer kva og kvifor noko er kjipt og destruktivt, og korleis slike verdiar kan vere maskerte i vårt eige nabolag. Å bu i eit land der borgarane er demokratiske er ein konsekvens av danning, og skulens og samfunnets målretta arbeid. Evne til inkludering er ikkje medfødd – den er danna som følgje av eksponering for forteljingar om kva som skjer når samfunnet er prega av det motsette. Lærarutdanninga må vidareutvikle arbeidet med å fikusere på danning gjennom perspektiv med forankring i meir enn individ- og relasjonsorientert pedagogikk, og bruke fleire varierte arbeidsmåtar i studien. Det siste handlar om nettopp å praktisere demokrati og mangfald. Fokus på den inkluderande fellesskapen og kollektivet kan med fordel vektleggast i større grad.

Forteljing er sentrum i all undervisning

I ei didaktikk-orientert utdanning kan fokuset ligge på arbeidsmåtar i den kollektive tilnærminga. Det grunnleggande vilkåret for å kunne formidle er å ha tilstrekkeleg tilgang til kunnskap det skal formidlast om. For at ei historie skal kunne forteljast må den strukturerast og memorerast. Deretter vert historia gjort levande av den framtidige læraren. Dette krev mykje arbeid og god teknikk. Sentrale faglege emne – om den franske revolusjon, om den amerikanske, om nyliberalismen, om kapitalismen – om ulike religionar, om vekstar og fuglar og politiske parti; undervisning startar med formidling om noko. Forteljinga er grunnsteinen i undervisning – og å fortleje må øvast. Det krev mot, teknikk og kreativitet. I forarbeidet skjer strukturering av stoff og memorering. Dette er ein del av arbeidet i ei didaktikk-orientert utdanning – og; det er direkte relevant for arbeidsdagen til den framtidige læraren. Når temaet er innlært er studenten klar for den verkelege oppgåva; å planlegge og klargjere for undervisning. Spørsmål om kva slags arbeidsmåte som stimulerer tenking, kritisk refleksjon og aktivering av innleving er like mykje ein kreativ som intellektuell aktivitet, eit tydeleg fokus i didaktikken.

Når born spør etter ei grunngjeving for det dei skal lære

I den didaktikk-orienterte utdanninga blir det lagt til rette for fordjupingsbolkar der studenten må strukturere og øve inn det dei skal formidle. Studenten deler så dette med kollegaer. Dei får med dette øve seg på framtida. Utforsking og deling av læringsstrategiar for å oppøve eigen memoreringsevne, etterfølgt av dekonstruksjon av tekst og analyse. Drøfting av verdien i å presentere unge for ulike saksfelt, som ei klargjering for seg sjølv, og for kollegaer og born som dei seinare skal møte. Å meistre deling av grunngjevingar og klargjeringar for å tematisere kunnskapsfelt er eit sentralt vilkår for å kunne utvikle fagleg autoritet. Barn spør etter dette. Grunngjevingar. Å forklare skuleborn på 8. trinn om verdien av erfaringane menneskeheita skaffa seg etter den franske revolusjon eller den 2. verdskrigen er krevjande for den som ikkje har reflektert tilstrekkeleg over dette i forkant av spørsmålet. Vi må bruke tida i lærarutdanninga til å øve oss tilstrekkeleg.

Undervisning er å strukturere erfaringar og nå fram med delinga

Born har avgrensa innsikt i menneskelege erfaringar. Studentane i den didaktikk-orienterte utdanninga må kvar dag øve og utvikle kognitive ferdigheiter; memorering, analyse og refleksjon. Kvar dag skal teori koplast til praktisk utøving. Studentane skal øve på undervisning på campus. Studenten skal kvar dag få tilbakemelding på undervisningsutsnitt, didaktiske ferdigheiter, og på formidlingskompetanse; som omfattar kroppsspråk, mimikk, kroppshaldning i klasseromet, stemmebruk. Alt dette som påverkar barns oppfatning av lærarens evne til å leie. Alt dette som handlar om autoritet. Det som gjer at born kan kjenne tryggleik i eit klasserom. Å meistre dette gir også den framtidige læraren tryggleik og er ein føresetnad for eit godt lærarliv.

Ein trygg lærar

Ein trygg lærar skjønar vilkåra for læring. Ein trygg lærar er ein lærar som jobbar målretta gjennom glede, ro og humor. Som kjenner samanhengen mellom kjærleik, kunnskap, læring, danning og fellesskap. Ein profesjonell lærar er kunnskapsrik; på disiplinfagleg kunnskap, på kognitive strategiar, på empatiens betydning for individ og samfunn, på organisering og planlegging, på kommunikasjon med kollegaer og heimen, og på sjølvsnakk; korleis handtere skuffelsar, eigne nederlag, og det å stille inn sitt eige forventningssikte rett.

I mi lærarutdanning…

…skulle vi jobbe med alt dette. Kvar dag, kvar veke, kvar månad, kvart år. I mi lærarutdanning vil eg dekonstruert heilskapen og sette opp delmål som gir studentane tilstrekkeleg mengdetrening i å meistre planlegging, utsnitt og formidling. Fyrst delane – sidan heilskapen. I mi utdanning skulle progresjon og heilskap stå i sentrum. Med tilstrekkeleg mengdetrening på campus, kunne vi trygt ha sendt studenten ut i praksis. Kanskje ville nokre studentar trenge lenger tid enn andre – men ein gong ute – kunne vi som undervisarar i større grad ha gått ved sidan av. Det er lærerikt. For oss.

Studentane skulle oppleve kvar velsigna dag som eit nødvendig og gledeleg opphald på vegen mot ein profesjon som er tyngd av ansvar og overlest med glede og inspirasjon. Ingen blir god profesjonsutøvar utan mengdetrening og rettleiing undervegs. Det er god plass til meir mengdetrening på campus i norske lærarutdanningar. Det hadde neppe studentane hatt så mykje i mot.  

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Scroll to top