Lærarloggen

– ein blogg om læring

lærarstudentar

Skulelivsmeistring; lærevanskar i den norske lærarutdanninga?

I lærarutdanninga har pedagogikken ei slagside som  går på bekostning av didaktikken. Denne ubalansen fører til at lærarstudentar alt for ofte og i alt for stor grad grunngjev arbeidsmåtar som stimulerer tenking og empati med pedagogisk relasjonsteori. Studentane utviklar ein lærarpraksis som har stort fokus på å bygge relasjon og skape tillit – utan at dei når det overordna nivået som er å skjøne samanhengen mellom kunnskap, tenking og danning.

«Bill. Mrk. Lærerstudent søkes»

Den manglande rekrutteringa til lærarutdanninga er ei nasjonal krise. 1275 studieplassar står ledige. Regjeringas svar på krisa er ein strategiplan for rekruttering, utan at innovasjon i utdanninga er nemnt i plandokumentet. Marknadsføringsstrategien er så langt meir av det som ikkje har hatt verknad. Når skal vi byrje å snakke sant om behovet for nye løysingar?

Frå kafébord til kateter – om betydninga av å utvikle eit profesjonsfagleg språk i lærarutdanning og lærarliv

Legen såg på meg og sa: det er ikkje en allergi, det er en bivirkning. Det er viktig å holde orden på forskjellen. – Ja, sa eg, og kjende meg dum. Eg visste jo at han hadde heilt rett. Han hadde spurt meg om eg var allergisk mot noko antibiotika i samband med ein komande kneoperasjon. Eg hadde svara ja – det var eit par typar eg ikkje tolte…

Scroll to top