Lærarloggen

– ein blogg om læring

Ei forskingsreise til Porto

Mange års avhandlingsarbeid vart avslutta i fjor vår. -Så godt det må vere å vere ferdig, kommenterte velmeinande vener. Jau, for så vidt – men eit omfattande arbeid er i grunnen starten meir enn slutten. Ei avhandling har mange trådar som det både kan og bør nøstast vidare i, slik også med min. Som handla om klippfisk. Ein studie som bidreg til å forklare kvifor vår region både vart velståande og dominerande innanfor maritime næringar.


Det manglar i midlertid kunnskap om ein liten, men svært sentral faktor i den regionale eksportretta økonomien på Møre; handelsvegen for salt.

Livets salt

Utan god tilgang til salt, til ein overkomeleg pris, hadde det blitt smått med eksport av fleire fiskeprodukt enn tørrfisk. Utan salt hadde det blitt lite av gullalderen for norsk eksportfiskeri i åra 1850 til 1880. Ein mannsalder der det vart akkumulert mykje kapital som seinare vart kanalisert inn i utvikling av fiskebåtar, skipsverft og fiskeri.

Samtalen i forskingsarbeidet

Jakta på informasjon som kan gi kunnskap om denne delen av norsk fiskerihistorie, ein viktig del av norsk økonomisk historie, startar sør i Europa, – ved Universitetet i Porto. Å vere historikar er nettopp dette – å rigge ei reise som kan bidra til å opplyse spørsmålet. Slike reiser handlar om gode idear, enno betre kontaktar og finansiering. Jakta på kjelder som kan ha eit fragment, med hell fleire, går via søkemotorar og publiseringar, men det er mangt av det som er interessant som ligg andre stadar enn på den store verdsveven. Tilgang til desse kjeldene får ein kun ved å vere i kontakt med fagfolk på universitet, museum og arkiv, menneske som deler interesse, utvekslar informasjon, forklarar og opplyser kvarandre. Når ein skal opne eit nytt forskingsfelt – stort eller lite – er det samtalen som innlemmar forskarar i den store dialogen, som gjer skilnaden. Den har som oftast eksistert langt forut for forskarens nyfikne.

Adega de Sao Nicolau, i Rua de S. Nicolau. Her serverer dei byens beste klippfiskrettar

Å vere forskar er å skape engasjement

I samfunn som er mindre digitiserte enn det norske har menneska som organiserer informasjonen i institusjonane framleis ein framtredande posisjon. Å vere forskar handlar i desse kontekstane om å selje inn prosjektet sitt og skape engasjement.  Det er noko fascinerande ved denne situasjonen, som eg finn glede i. Ved dei store, tunge institusjonane har dei tilsette autoritet og yrkesstoltheit, og er meir blaserte – oppsøkt av forskarar som har ein faktisk status – i motsetning til meg. Ein kvardagsforskar frå eit lite kystsamfunn ingen har høyrt om.

Noreg – det siste landet i verda

-Frå Norge? Sa ein fyr som serverte meg på ei av byens mange kneiper. Det vert sagt at det er det siste landet i verda. Han såg på meg. Ja, svara eg – eller det fyrste. Vi lo. Når eg då tek ordet bacalhau i min munn, såg han poenget. Eg vann. Dette ordet har ein magnetisme i kulturen vest på den iberiske halvøya. Folk lyttar, smiler og hjelper. Like mykje som kunnskapen om klippfisken og saltet, jaktar eg på desse opplevingane av godheit mellom menneske. Opplevinga av ein kulturell kontinuitet berre skilt av ein disk, og eit litt rustent portugisisk språk på utsida av skranken. Eg elskar desse levande møta med fortida som knytte banda mellom min kultur og hans kultur. Møte som viser meg historias lange tentaklar inn i framtida. Å kjenne seg heime i verda, i banda mellom menneska – dei som var, er og vert. Så er det mykje vakkert i det å vere historikar og arbeide i det som for andre ser ut som død materie. For meg er den levande.

Kantina til Faculdade de Letras, Universitetet i Porto

Finnekunsten

Det var altså dette eg så gjerne ville gjenoppleve; finnekunsten. Men som altså ikkje er gratis på nokon måte. Eg prøvde meg med søknad om utanlandsstipend. Avslag. Eg prøvde meg også på søknad om skrivesemester. Avslag. Eg vart litt oppgitt og rulla opp skjorteermane og tok tak i prosessen med å utvikle eit prosjekt. Men det skal også ha eit startpunkt. Eg såg meg rundt – og der, rett framfor nasen stod Arne Humberset på internasjonalt kontor. Erasmus? Ei vekes studieopphald ved Universitetet i Porto, vart ein realitet etter at eg hadde invitert meg sjølv i eit høfleg brev til ein av Europas fremste saltforskarar. Nei, eg kjende henne ikkje frå før – berre arbeida hennar. Vi møttest, finansiert av internasjonalt kontor ved HVO, til ein samtale utan ende. Ho delte og rettleia for arbeid i arkiv og museum, ho ringte kontaktene sine og opna dører.

Saman med professor Inês Amorim ved Universitetet i Porto (FLUP)

Eg kunne spasere inn i kjeldene utan å anstrenge meg stort. Ho snakka om deltaking i framtidige forskingsprosjekt. Ei ny og gledeleg erfaring! Erasmus kan vere snarvegen og bakråsa inn i mulege forskingsprosjekt. Prøv det då vel!

Kjeldearbeid ved byarkivet i Porto

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Scroll to top